Blåne - Scheen Jazzorkester
100,00 NOK
Blåne
er ein suite på 7 låtar for jazzorkester der den klassiske musikken sine kammermusikalske uttrykk har vore ei viktig inspirasjonskjelde. Lyttaren kan også gjerne få assosiasjonar til fleire av dei rytmiske musikkformene, og samtida sine kunstmusikksjangrar. Musikken er komponert direkte til musikarane i bandet sine ulike referansar, spelestilar og uttrykk. Det har også vore eit ynskje å laga eit musikalsk landskap der ein ikke heilt veit kva som kjem rundt neste sving, etter neste frase. Utfrå dette har tittelen BLÅNE vokse naturleg fram; noko som ligg der, langt vekke. Kva hender ved neste høgdepunkt, neste BLÅNE, kanskje ligg der ein blåtone på lur? Verket blei urframført i Sigurd Køhns hus i Kristiansand, 29. januar 2015.